Kinn er først i landet med naturpolitisk dokument - balansert natur og arealforvaltning

Kinn kommune er først i landet med eit eige naturpolitisk dokument. I dag (tysdag) vart dokumentet presentert for plan- og miljøutvalet. Etter at kommunestyret er godt informert om dokumentet, skal det danne grunnlag for viktige arealavgjerder framover.

Ei bestilling frå kommunestyret

Kommunestyret vedtok i desember å få utarbeidd eit naturpolitisk dokument for kommunen. Etter ein konkurranse fekk Vestlandsforsking oppdraget med å leie arbeidet og utforme rapporten.

Dokumentet er nybrotsarbeid i norsk samanheng, og Kinn er den første kommunen som utviklar eit slikt samla faggrunnlag for naturpolitikk. Staten har støtta prosjektet med 350.000 kroner.

Tysdag 28. april vart dokumentet presentert for plan- og miljøutvalet. Vidare er det planlagt ei orientering for kommunestyret 19. mai.

Kva inneheld dokumentet?

Les naturpolitisk dokument her (PDF, 2 MB)

Det naturpolitiske dokumentet gir ei samla og kunnskapsbasert framstilling av utfordringar, status og moglegheiter for naturforvaltninga i Kinn.

Eit hovudpoeng er at arealbruk er den viktigaste årsaka til naturtap, samstundes som kommunane har ei nøkkelrolle i å balansere naturvern, næringsutvikling og grøn omstilling.

Dokumentet peikar særleg på behov for

  • betre kunnskap om natur og påverknad
  • sterkare krav til konsekvensutgreiingar
  • nye verktøy som natur- og arealrekneskap
  • meir openheit og involvering i arealsaker

I tillegg gir rapporten konkrete tilrådingar for korleis kommunen kan gå frå politiske mål til praktisk gjennomføring i arealforvaltninga. I første omgang vil det bli brukt i sluttbehandlinga av kommuneplanen sin arealdel, som no er i sluttfasen.

Sjå presentasjonen til plan- og miljøutvalet