Kan ta tre veker før bilførande transport kan gå til og frå Rognaldsvåg som normalt

Betong- og grunnentreprenør har i dag fått på plass ein plan for utbetring av ferjekaia i Rognaldsvåg, etter at det er registrert auka utgliding og operatørane ikkje kan bruke kaia som normalt. Arbeidet har høg prioritet, og det blir no sett i verk tiltak for å sikre trygg og funksjonell kai. Det er estimert tre veker før bilførande transport kan gå som normalt.

Fredag (4. juli) blir det gjort eit forsøk på å få med bilar tilbake til fastlandet. Det vil vere sterk avgrensing på bruk av ferjelem grunna fare for ytterlegare utgliding og pågåande arbeid med utbetring.

Kinn kommune har stor forståing for dei utfordringane situasjonen medfører for innbyggarane i Rognaldsvåg. Kommunen gjer det ein kan for å reparere skaden så raskt og trygt som mogleg.