Invitasjon til idédugnad om moglege endringar i skulestruktur i Måløy og Florø Lytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune inviterer til idédugnad knytt til eventuelle moglege endringar i skulestruktur. Det er eitt møte i Måløy 16. juni, og i Florø 17. juni. I tillegg vert det møter i august månad.I Måløy 16. juniMøtet vert halde i kommunestyresalen på kommunehuset i Måløy (3. etasje) måndag den 16. juni frå kl. 18.00-20.00.I Florø 17. juniMøtet vert halde på Torvmyrane skule tysdag den 17. juni frå kl.18.00 - 20.00.Felles for møtaVi ynskjer innspel til korleis vi kan nytte skulebygga og områda kring dei til å utvikle nærområdet og motverke eventuelle negative verknader dersom skuledrifta vert lagd ned. Eit sentralt spørsmål er korleis skulebygget/skuleområdet kan utviklast til å bidra til utvikling av området.For kvart av områda Raudeberg, Torvmyrane, og Krokane må det gjerast vurderingar basert på tre scenario, dersom skuletilbodet blir flytta:Byggja og skuleanlegga blir ståande.Delar av bygga og anlegget blir ståande, t.d. gymsalane.Alle bygg og skuleanlegg blir rivne og området blir transformertEin eventuell transformasjon frå skule til noko anna, må ha som mål at områda skal gje auka kvalitet og attraktivitet for området. Det vil også vere viktig å ta i vare forhold som er viktig for området sjølv om skulen eventuelt skulle bli lagt ned. Det kan og verte aktuelt å ta med nærliggande område som kan ha betyding for utvikling av områda.I august vil det arrangerast eit nytt møte.I etterkant vil innspela frå desse møta verte oppsummert i ein «mulighetsstudie» for Raudeberg, Torvmyrane og Krokane. Publisert 06.06.2025 13.09 Sist endra 06.06.2025 13.13