Innskriving til 1. klasse for skuleåret 2024-2025Lytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune er i gong med planlegginga av skuleåret 2024-2025. Alle skulepliktige born skal innskrivast, også born som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår.Kommunen vil fatte eit vedtak om skuleplass på næraste skule, jf. opplæringslova § 8-1.Borna blir plassert etter folkeregistrert adresse. Alle som skal byrje i 1. klasse hausten 2024 vil få eit brev med tildeling av skuleplass. Dette brevet blir sendt ut 29. januar gjennom Altinn/Digipost.Føresette må logge seg inn i Kinn kommune sin «foresattportal» for å svareSvarfristen er 13. februar.Brev med endeleg tildeling av skuleplass blir sendt ut om lag 1. mars.Ta kontakt med Kinn kommune, Oppvekst v/ Mona Ødegård Standal eller Marianne Nødset dersom det er noko du lurer på. Publisert 25.01.2024 07.52 Sist endra 25.01.2024 10.21