Innsamling av tekstilavfall i KinnLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune og NoMil jobbar med å finne gode løysingar for innsamling av tekstilar, slik at vi kan bidra til meir gjenbruk og betre ressursutnytting. Her er dei viktigaste punkta for handtering av tekstilar i kommunen.Tekstilar som er avfallSamfunnsbedriftene Avfall og Ressurs har oppmoda kommunane til å finne enkle ordningar for tekstilavfall fram til mottaksløysingar er på plass. NoMil planlegg å sette ut containerar merka "tekstilavfall" på gjenbruksstasjonane, men desse vil ikkje bli teke i bruk før det er etablert nedstrømsløysingar som sikrar at tekstilavfallet kan bli gjenvunne.Vi og NoMil følgjer med på utviklinga, og vil sørge for at den nye innsamlingsordninga blir innført så snart det er mogleg å gjenvinne tekstilavfallet på ein berekraftig måte.Tekstilar som kan gjenbrukastTekstilar som framleis kan brukast, skal leverast til etablerte returpunkt. Dette er typiske innsamlingsboksar som er sett ut av frivillige og humanitære organisasjonar. Ved å levere tekstilar til gjenbruk bidreg du til å redusere avfallsmengda og gir kleda nytt liv.Vi takkar alle for innsatsen de gjer for å redusere avfall og fremje gjenbruk i kommunen. Meir informasjon om den nye ordninga vil bli delt så snart ho er klar til å takast i bruk. Publisert 08.01.2025 11.08 Sist endra 08.01.2025 11.08