Informasjon om Skram skule og arealplanar

Ein arealplan, er ein plan som fortel kva eit område eller ei tomt skal kunne brukast til – altså kva som kan byggast der eller kva som ikkje kan byggast der. Til dømes held Kinn kommune for tida på med to ulike arealplanar for Skram skule: ein kommuneplan som gjeld for nesten heile Kinn kommune, og ein reguleringsplan som gjeld for skuletomta for Skram skule og tomtar omkring.

Kommuneplan

Kartutsnitt frå kommuneplanen for Kinn kommune, som viser område kring Skram skule - Klikk for stort bilete

Ein kommuneplan er ein overordna plan, der hovudprinsipp og store linjer blir avklart. I forslag til kommuneplan som no ligg på høyring, er det for Skram skule, vist eit ganske stort areal med raud farge – lys raud for det som er eksisterande, og mørk raud for det som er planlagt. Denne planen fortel at hovudbruken i dette området er skule, og at det må lagast ein reguleringsplan for korleis ein skal bruke området.

I forslaget til kommuneplan, er det også vist viktige grønt-områder som skal takast vare på. Desse er vist med grøn farge. Medan detaljar omkring vegløysingar ikkje blir vist i ein kommuneplan.

Ved høyring av ein kommuneplan, blir ikkje naboar varsla med eige brev, men innbyggarane blir varsla gjennom annonse i lokalavis og på kommunen si heimeside. Kinn kommune sendte også ut varsel på SMS i juli om at kommuneplanen no ligg på høyring.

Reguleringsplan

Kartutsnitt frå forslag til reguleringsplan for Skram skule - Klikk for stort bilete

Ein reguleringsplan er ein meir detaljert plan, som fortel om vegar, grøntareal og byggeareal. I forslag til reguleringsplan for Skram skule er det vist kva eigedomar som skal nyttast til skule (raud farge) og kva eigedomar som skal nyttast til bustad (gul farge). I tillegg er køyrevegane vist med grå farge, gangvegane med rosa farge og grønt-områda med grøn farge.

Forslag til detaljregulering for Skram skule er vedtatt å leggast ut på offentleg høyring i to alternativ:

  • alternativ 1 med gjennomgåande Gate 4
  • alternativ 2 utan gjennomgåande Gate 4

På bildet her er det alternativ 1 som er vist. Planforslaget med dei to alternativa, vil bli lagt ut på offentleg høyring så snart planmaterialet er klart. Ved høyring av ein reguleringsplan, blir alle grunneigarar og naboar varsla med eige brev, samt at innbyggarane vert varsla gjennom annonse i lokalavis og på kommunen si heimeside. For deg som har eigedom innanfor planområdet eller har eigedom som grensar til planområdet, så vil du få brev via Altinn når kommunen legg reguleringsplanen på høyring. Det vil vere denne reguleringsplanen som fortel mest om korleis utbygginga av skuleområdet vil bli.