Informasjon om 4. dose koronavaksine for aldersgruppa 18-64

Nærbilde av hendene til ein sjukepleiar kledd med hanskar, som held i ei vaksine - Klikk for stort bilete

Folkehelseinstituttet (FHI) er tydelege på at risikoen for alvorleg sjukdomsforløp no er låg for aldersgruppa 18-64 utan underliggande risiko. FHI har difor ikkje gitt ein oppfordring eller anbefaling om at innbyggarar i denne målgruppa bør ta 4. dose. Det er likevel opna for at dei som ynskjer det, kan motta dosen.

Folkehelseinstituttet har tidlegare opna for at alle over 65 år kan få si 2. oppfriskingdose (4.dose) med koronavaksine. Det er anbefalt at det er 4 månadar mellom dose 3 og 4. 

I Florø må dei som ynskjer det kontakte fastlegekontoret, mens i Måløy ligg der ute timar på ligg der ute timar på ReMin.no.

Vaksinering i Florø

Vaksinering i Måløy

Du som manglar dose 1, 2 eller 3 kan bestille deg time ved legekontora. Felles for alle er at nasjonale anbefalingar er 3 veker mellom dose 1 og 2, og 4,5 månadar mellom dose 2 og 3, og 4 månadar mellom dose 3 og 4.