Rettleiarar og andre fagfolk samlast for å gi våre nye lærlingar ein god dose kunnskap før deira første møte med arbeidslivet
Kinn kommune
Eit viktig første møte med arbeidslivet
For mange av lærlingane er dette første gong dei møter fast arbeidstid og inngår ei arbeidskontrakt. Dette er ei heilt ny erfaring som inneber mykje ansvar - og difor viktig å gi dei ei god innføring i kva det vil seie å vere ein del av arbeidslivet i Kinn. Instruktørar frå blant anna Torvmyrane skule og barnehage, Furuhaugane omsorgssenter, Storevatn barnehage og Skridsholgata bu- og miljøteneste var til stade saman med rettleiarar frå fylkeskommunen, og andre fagfolk for å sikre at lærlingane føler seg trygge i den nye rolla si.
Fire lærlingar skal no få praksis i fagarbeid innan barne- og ungdomsarbeid og åtte ungdomar innan helsefag, med rettleiarar som følgjer dei i utdanningsløpet på arbeidsplassen.
Rettleiarane frå fylkeskommunen understreka at lærlingane no har eit viktig ansvar både for si eiga utvikling, og for å bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen i lag med dei andre tilsette.
Rettar og plikter i læretida
Samlinga la også vekt på at lærlingane skal bli godt kjende med opplæringslova som regulerer opplæringa deira, og arbeidskontrakten som sikrar trygge arbeidstilhøve. Dei fekk også høyre frå representantar frå Fagforbundet og Delta, som fortalte om fordelane ved å organisere seg.
Eit av hovudpunkta i løpet av samlinga var at lærlingane ikkje må vere redde for å stille spørsmål og delta aktivt i læringsprosessen. Det er avgjerande at dei får lært det dei skal før fagprøva, og at dei kjenner seg trygge på å meistre oppgåvene dei får i læretida. Dei vil også ta del i planlagde halvårssamtalar for å sikre at dei oppfyller påkravde læremål.
Visste du at…
I Kinn har vi i dag 39 lærlingar fordelt på fag innan kontor, vegdrift og vedlikehald, brannførebygging, helsefag, barn- og ungdomsarbeid. I tillegg har vi fem assistentar i praksis som går løpet “Menn i helse”, som starter læreløpet i 2025.
Sidan vi blei Kinn har 119 tatt fagbrev i helsefag som praksiskandidat eller lærling.
Vi har fleire assistentar i barnehage som skal ta teori til barne- og ungdomsarbeidarfaget, og gå opp som privatistar for å ta fagbrev. Dei starter på kveldsskule i oktober, i regi av oss, Studiesenter Kysten og Arbeidernes opplysningsforbund (AOF).
Eit godt arbeidsmiljø med gode verdiar
Gjennom samlinga vart det poengtert at lærlingane sjølve spelar ei viktig rolle i å skape eit godt arbeidsmiljø. Å vere ein god kollega er ein like viktig del av læringsløpet som det faglege, og samarbeidet mellom lærling, rettleiar og arbeidsplass er avgjerande for ei vellykka læretid.
Kinn kommune er stolte over å bidra til utdanninga av framtidige fagarbeidarar, med gode verdiar som sikrar at vi tar i vare på kvarandre, jobbar saman, tar ansvar og er trygge på arbeidsplassen.
Ei trygg og støttande læringsreise
Gjennom tre timar med informasjon og dialog, sikra samlinga at lærlingane fekk den nødvendige kunnskapen til å føle seg trygge og ivaretatt når dei startar lærlingperioden. Dei hadde også med seg rettleiarar som vil følgje dei tett gjennom utdanningsløpet. Dette legg eit solid grunnlag for at lærlingane skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg, slik at dei står godt rusta til å møte framtidas krav i arbeidslivet.
Vi ønskjer alle våre lærlingar lykke til i læretida!