I dag markerte vi offisiell byggestart av nye Skram skole!Lytt til tekstenStopp avspillingOrdførar, kommunedirektør, entreprenørar og fleire engasjerte innbyggarar var til stades under den offisielle markeringa for byggestart av det nye skulebygget!Etter planen skal nye Skram skole vere ferdig til juni 2027, med ein prøvedriftsperiode på 12 månadar etter kommunen tar over bygget. Veidekke AS er entreprenøren som har totalenterprise for arbeidet. Det vil seie at dei har ansvar for prosjekteringa (teikningar og planlegging) og sjølve bygginga – det totale ansvaret for leveransen.No er det altså berre to år igjen til barna kan kome til eit nytt, flott og ferdig skulebygg som gir flotte forhold for læring og godt skulemiljø. Publisert 20.05.2025 14.47 Sist endra 20.05.2025 14.52