I dag er ergoterapeutane sin dag!Lytt til tekstenStopp avspillingDen 27. oktober markerer vi ergoterapeutane sin dag! Ergoterapeutar er meir opptatt av løysingar enn problem, og leitar etter ressursar. Difor starter ergoterapeuten med å spørje: "Kva er viktige aktivitetar i livet ditt, og korleis vil du delta?".Ser vi sjølv verdien av å koke vår eigen kaffi, kle og stelle oss sjølve, leike med venar, smøre matpakka eller dra til skule eller jobben? Korleis ville du opplevd det, om du eller dine blei hindra i å gjere dei sjølvsagte men meiningsfulle kvardagsaktivitetane? Ergoterapeutar gjer kvardagslivet mogleg for endå fleire. Dei finn løysingar når det blir eit gap mellom helsa og krava i kvardagen. Dei er meir opptatt av løysingar enn problem, difor starter ergoterapeuten å spørje om kva som er viktige aktivitetar i livet ditt, og korleis du vil delta.Ein ergoterapeut kartlegger dine ønskjer og moglegheitar for aktivitet og deltaking, og støttar di meistring med motivasjon og trening av konkrete aktivitetar. Dei føreslår forenkling og tilpassing av aktivitetar, og bidrar til inkluderande omgjevnadar. Saman med deg finn ergoterapeuten løysingar som gjer at du kan leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Treng du hjelp frå ein ergoterapeut? Besøk denne sida og ta kontakt med ein av våre ergoterapeutar. Publisert 27.10.2025 08.57 Sist endra 27.10.2025 09.08