Hugs å klipp hekkar og buskerLytt til tekstenStopp avspilling Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane. Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar. Ein lovpålagt klipp Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik. Å syte for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar. Dersom du har spørsmål om lovverket kan du ta kontakt med Teknisk drift i kommunen. Les meir om å klippe hekkar og busker på Statens Vegvesen sine sider. Publisert 30.06.2023 10.45 Sist endra 30.06.2023 10.45