Høyring: Namn på stoppestader i Kinn kommune

Kinn kommune sender med dette på høyring forslag til namn på stoppestader langs riks- og europavegane i tidlegare Sogn og Fjordane. Høyringa gjeld dei same namneforslaga som var på høyring i 2023, men som no vert sende ut på ny grunna manglande behandling av fylkeskommunen i etterkant av den førre høyringsrunden.

Høyring – forslag til namn på stoppestader langs riks- og europavegane

I oktober og november 2023 gjennomførte Språkrådet ei høyring om forslag til namn på stoppestader langs riks- og europavegane i tidlegare Sogn og Fjordane. Høyringssvara skulle sendast til Vestland fylkeskommune.

Etter høyringsrunden viste det seg at fylkeskommunen ikkje hadde kapasitet til å behandle alle dei aktuelle sakene innan rimeleg tid. Sjølv om skilta i stor grad er sette opp, kan namna framleis endrast etter ei endeleg behandling.

Namneforslaga vert derfor sende ut på ny høyring. Alle forslaga går fram av vedlegget til saka.

Sjå namn på stoppestader i Kinn kommune her (PDF, 2 MB)

Frist for å sende inn høyringssvar er 10. august 2026. Høyringssvar kan sendast via eDialog eller leverast via dette høyringsskjemaet.