Høyring: Handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2025 - 2029

Handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv og kortsiktig handlingsprogram vert no lagt ut på offentleg høyring. Planen er viktig for dei prioriteringane og behova for anleggsutvikling ein ser dei kommande åra. 

Handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2025 - 2029

Handlingsplanen skal vise kommunen sitt samla behov for anleggsutvikling dei kommande fire åra, knytt til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Planen må ta høgde for rehabiliteringsbehov av eldre anlegg og nye anlegg, og dannar seinare grunnlag for prioritert liste for investeringar og spelemiddelsøknadar. For ordinære anlegg er det eit krav at anlegget er ein del av vedteken kommunal plan for området dersom anlegget skal få søke tilskot gjennom tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv kan du lese her (PDF, 702 kB)

Handlingsprogram 2026

Programmet inneheld ei oversikt over kortsiktige (4 år) og prioriterte anleggstiltak med tiltakshavar og status på spelemiddelsøknad. Inneheld også langsiktige (10 år) og uprioriterte aktuelle tiltak. Handlingsprogrammet blir rullert kvart år, og dannar grunnlag for prioriteringa av spelemiddelsøknadar.

Handlingsprogram 2026 kan du lese her (PDF, 143 kB)

Ope digitalt informasjonsmøte 16. oktober

Vi inviterer til ope informasjonsmøte om planen og innspelsmetodar torsdag 16. oktober kl. 19 - 20 på Teams:
Gå til ope informasjonsmøte på teams (16. oktober, kl. 19 - 20)

Gi uttale / innspel til planen innan 31. oktober

Innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og andre interesserte er velkomne til å sende inn innspel innan fristen 31. oktober.

Du kan sende innspel til oss

Kva skjer etter høyringa?

Prioriteringsliste i høve til årets spelemiddelrunde vert laga etter innspel (og ev. endringar) på planen og programmet, og vert handsama av Idrettsrådet før den går vidare til politisk handsaming. Planen, programmet og prioritert liste kjem opp som to saker og skal handsamast i oppvekst- og kulturutvalet 19. november.