Høyring: Forskrift om tildeling av kommunal gjennomgangsbustad, omsorgsbustad og omsorgsbustad med heildøgnstenesteLytt til tekstenStopp avspillingHelse-, sosial- og omsorgsutvalet har vedtatt at framlegg til lokal forskrift for tildeling av kommunal gjennomgangsbustad, omsorgsbustad og omsorgsbustad med heildøgnsteneste skal på offentleg høyring. I denne saka kan du lese framlegget til forskrifta, og få informasjon om korleis du kan gi høyringsinnspel. Høyringsfrist er 13. november 2026.Les: Framlegg til forskrift om tildeling av kommunal gjennomgangsbustad, omsorgsbustad og omsorgsbustad med heildøgnsteneste (PDF, 251 kB).Bakgrunn og formålFormålet med forskrifta er å sikre ei føreseieleg, rettferdig og lik behandling av søknader om kommunal bustad. Forskrifta skal bidra til at innbyggjarar som ikkje kan skaffe seg eller behalde ein eigna bustad på eiga hand, får nødvendig hjelp. Ho skal også sikre at personar med behov for tilrettelagd bustad og helse- og omsorgstenester blir vurderte ut frå behovet sitt.Forskrifta skal gi tydelege rammer for kven som kan få tildelt kommunal bustad, kva vilkår som gjeld, og korleis søknader skal behandlast.Kva omfattar forskrifta?Forskrifta regulerer mellom annaKven som kan søkje om kommunal gjennomgangsbustad og omsorgsbustad.Vilkår for tildeling, mellom anna krav til butid, inntekt, formue og behov for bustad.Kriterium for vurdering og prioritering av søkjarar.Krav til dokumentasjon og medverknad frå søkjar.Saksbehandling, vedtak og klagerett.Varigheit på leigeforhold og eventuell forlenging.Kva ønskjer kommunen innspel til?Kinn kommune ønskjer særleg innspel til om:vilkåra for tildeling er tydelege, rimelege og sikrar likebehandling.forskrifta tek tilstrekkeleg omsyn til ulike grupper som har behov for kommunal bustad.kriteria for prioritering av søkjarar er gode og føremålstenlege.reglane om inntekt, formue og butid er rimelege.reglane om saksbehandling og klage sikrar rettstryggleiken til søkjarane.Kommunen tek også gjerne imot andre merknader og framlegg til endringar.Høyringsfrist og innsending av innspelFrist for å sende høyringsinnspel er 13.11.2026.Høyringsinnspel kan sendast til Kinn kommune viaElektronisk skjema for høyringsuttalepå e-post post@kinn.kommune.no eller per post til: Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.Merk innspelet med «Høyring – forskrift om tildeling av kommunale bustader» og saksnummer 26/9537.Alle innkomne høyringsinnspel vil bli vurderte før forskrifta blir lagd fram for endeleg politisk behandling. Publisert 16.10.2026 11.10 Sist endra 16.10.2026 11.11