Med heimel i Opplæringslova § 2-6 sender Oppvekst og kulturutvalet endring av kommunal forskrift om opptaksområde for tidlegare Stavang skule med verknad frå 01.08.2025, ut på høyring med slik innstilling:
Stavang skule vert lagt ned og opptaksområdet vert delt mellom Florø barneskole og Eikefjord barne- og ungdomsskule sine opptaksområde.
- Det tidlegare opptaksområdet for Stavang skule som høyrer til fastlandet (Svortevik, Standal, Stavang) blir lagt til Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt opptaksområde. Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt nye opptaksområde vil då femne om bygdene som grensar til Sunnfjord kommune i aust og sør, og Grov i vest.
- Det tidlegare opptaksområdet for Stavang skule på Stavøy blir lagt til Florø barneskole sitt opptaksområde.