Høyring av lokal forskrift om skuledagar, ferie- og fridagar for skuleåret 2027 – 2028Lytt til tekstenStopp avspillingOppvekst- og kulturutvalet vedtok den 2. juni at lokal forskrift om skuledagar, ferie- og fridagar for skuleåret 2027-2028 skal på høyring fram til 14. juli 2026. Forskrifta legg opp til at det vert lik praksis mellom kommunane i Nordfjord- og Sunnfjordregionen. I høyringsutkastet til forskrift om skuledagar, ferie og fridagar skuleåret 2027-2028, har kommunane vore einige om å vidareføre felles prinsipp frå samarbeidet i tidlegare Sogn og FjordaneSkuleåret startar på ein måndag (16. august 2027Mest mogleg samanhengande undervisningsperiodar for elevane gjennom skuleåretHaustferie i veke 41Vinterferie i veke 8 Siste skuledag vert på ein fredag (16. juni 2028) Samkøyring av planleggingsdagar for tilsette i enkeltkommunar og i regionssamanheng for å kunne legge til rette for felles kompetansesatsingarPlanleggingsdag i november i samsvar med fylkeskommunen sin felles planleggingsdag for tilsette i vidaregåande skule. Høyringsutkastet slik det er føreslått får ikkje økonomiske konsekvensar for kommunen. Dersom forskrifta vert endra etter høyringsperioden der Kinn kommune planlegg skule- eller fridagar som avviker frå dei andre kommunane, kan det føre til auka skysskostnadar.Høyringsinnspel og fristOppvekst- og kulturutvalet sender forskrifta på høyring med seks veker høyringsperiode, fram til 14. juli 2026. Saka vert også sendt til andre høyringsinstansar som samarbeidsutvala ved skulane og arbeidstakarorganisasjonane. Send høyringsinnspel via elektronisk skjema for høyringsuttale innan 14. juli 2026.Gå til e-skjema for høyringsuttaleVidare prosessEtter høyringsfristen går saka til oppvekst- og kulturutvalet som skal handsame høyringsinnspel, og deretter sende saka til endeleg handsaming i kommunestyret. Publisert 04.06.2026 11.27 Sist endra 04.06.2026 11.27