Helsedirektoratet har fleire tilskotsordningar innan psykisk helse og rus

Dei fire tilskotsordningane kan søkast på av frivillige og ideelle organisasjonar som er registrert i frivillighetsregisteret. Frist for å søke er 2. desember 2024. Her får du litt informasjon om tilskotsordningane og tips til korleis skrive ein god søknad.

Dei fire tilskotsordningane

Aktivitetstilbod for personar med rusmiddelproblem, psykiske helseproblem og/eller erfaring frå sal og bytte av seksuelle handlingar

Tilskotsordninga skal bidra til deltaking i aktivitetar for å betre livskvalitet, meistring og moglegheit for eit aktivt og meiningsfult tilvære. 

 Beløp sett av til ordninga er 265 mill. kr. 

Les meir om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sine sider.

Oppfølgingstilbod til personar rusmiddelproblem, psykiske helseproblem og/eller erfaring frå sal og bytte av seksuelle handlingar

Målet er at personar i målgruppa har fått oppfølging til betre helse, livskvalitet og evne til å meistre eigen livssituasjon. 

Beløp sett av til ordninga er 42,2 mill. kr. 

Les meir om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sine sider.

Driftstilskot til brukar- og pårørandeorganisasjonar innan psykisk helse-, rus- og valdsfeltet

Føremålet med tilskotsordninga er å integrere brukar- og/eller pårørandemedverknad i helse- og omsorgstenestene si utvikling og kvalitetsforbetring av tenestetilbod innan psykisk helse-, rusmiddel- og valdsfeltet. Tilskotsmottakar skal bidra med brukar- og pårørandemedverknad på system- og tenestenivå basert på brukarkompetanse og erfaringar som skal ha effekt for brukarar av tenester og tilbod innan rus, psykisk helse- og valdsfeltet og deira pårørande.

Beløp sett av til tilskotsordninga er 124 mill. kr.

Les meir om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sine sider.

Driftstilskot til frivillige rusmiddelpolitiske organisasjonar

Tilskotsordninga sitt mål er å stimulere til frivillig, ruspolitisk engasjement og aktivitet både på nasjonalt og lokalt nivå, og å redusere forbruk av rusmiddel og skader forårsaka av rusmiddel. Målgruppa er befolkinga og/eller spesielt utsatte grupper.

Beløp sett av til tilskotsordninga er 25,9 mill. kr.

Les meir om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sine sider.

Tips til å skrive ein god søknad

Helsedirektoratet har laga ein rettleiar for korleis du kan skrive ein god søknad. Det kan du lese meir om på Helsedirektoratet sine heimesider

Du kan også sende e-post til vår stabsleiar for strategi og samordning, Trude Gulbranson, om du vil delta på ei samling på Teams der du får meir informasjon og rettleiing om ordningane. Dato og tid for dette er måndag 4. november kl. 14.00.