Heftige besøkstal på kino i juni månad

I motsetting til veret har både Florø kulturhus og Måløy kino opplevd ein strålande juni månad med ein markant auke i kinobesøka. Samanlikna med i fjor har Florø kino hatt ei imponerande auke på heile 145,6%, medan Måløy kino også har hatt eit solid oppsving med 67,2% fleire besøkande.

I Florø var det i juni i fjor 401 kinogjengarar, medan det i år har stige til heile 985 – det er 584 fleire som har kosa seg med film denne sommarmånaden. I Måløy har tala auka frå 134 til 224 besøkande, noko som viser at kinolivet veks også der.

Kanskje er det kombinasjonen av dårleg vêr og eit spennande filmtilbod som har lokka folket til kinosalane.

Denne positive trenden ser vi også på landsbasis, med ein auke på 33% i kinobesøka samanlikna med same tid i fjor. I juni i fjor var det 444 533 kinogjengarar, medan i år har talet vakse til 592 532.

La oss håpe denne positive utviklinga held fram, og at endå fleire finn vegen til kinosetene utover sommaren og hausten.