Har du relevant arbeidserfaring? No kan du ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget

Kinn kommune i lag med Studiesenter Kysten og AOF Vestlandet – Agder tilbyr eit nytt utdanningstilbod frå oktober månad. Det er ein fordel med minst eitt års arbeidserfaring frå yrket. Kurset er tilrettelagt for vaksne, og går føre seg ein ettermiddag i veka.

Kven kan delta?

Det er ikkje krav om formelle forkunnskapar, men det er ein fordel med eitt års erfaring frå yrket. Språknivå B1 eller høgare er også anbefalt. For å ta fagprøva treng du fem års godkjent praksis i 100 prosent stilling i tillegg til å ha bestått den tverrfaglege teorieksamenen.

Gjennomføring av opplæringa

Lærarane legg ut relevant informasjon på ein læringsplattform med informasjon om faget, tips og råd, og ein del oppgåver som skal løysast undervegs. Det betyr at sjølv om du ikkje alltid har høve til å delta, kan du likevel få god oversikt over kva som går føre seg i undervisninga, og du kan kommunisere med lærar.

Meir informasjon

Du melde deg på eller lese meir om utdanninga på AOF Vestlandet Agder si heimeside. Der står det meir informasjon om eventuell finansiering, eksamen, og moglege fordelar til deg som er fagorganisert. Utdanninga går føre seg i Florø, men deltakarar frå Måløy kan møte på rådhuset og følgje undervisninga på direktesending.