Har du lasta ned innbyggarappen Friskus kommune endå?

I januar i år lanserte vi Friskus kommune – appen med innebygd aktivitetskalender som gjer det lett å finne og dele det som skjer i Kinn! Sidan då har over 100 lag og organisasjonar blitt med som arrangørar. Dei har lagt ut nesten 400 arrangement – med meir enn 1400 gjentakande hendingar totalt!

I innbyggarappen vår har vi dessutan delt nær 250 nyhende, og 1605 personar følgjer oss der allereie. Finn appen på mobilen din, berre søk “Friskus kommune” i AppStore eller GooglePlay.

Tusen takk til alle som bidreg til å skape eit levande og aktivt Kinn – saman gjer vi det lettare å delta, oppleve og engasjere seg i lokalsamfunnet! 

Har du ikkje prøvd Friskus kommune-appen endå? Last ned i dag og bli med du òg!