Hans Majestet Kong Harald V er død

Vi har motteke den triste meldinga og sender varme tankar til familien. Hans Majestet Kong Harald V var kjær for alle. Han hadde eit vinnande vesen, femna om oss alle og hadde glimt i auga. Vi er ein nasjon i sorg

Vi vil legge til rette for at dei som ynskjer å markere dette kan gjere det ved at det no er lagt ut kondolanseprotokollar på følgande stader

  • Florø kulturhus, måndag - fredag kl. 10.00 - 15.00, laurdag kl. 11.00 - 15.00
  • Servicetorget på rådhuset i Måløy, måndag til fredag kl. 9.00 - 15.00
  • Vågsøy folkebibliotek - opningstider finn du her

Det vert også høve til å legge blomar i Kyrkjeparken i Florø og ved bautaen på torget i Måløy. Kyrkjene i Måløy og Florø er opne for dei som ynskjer å nytte kyrkjerommet til ettertanke. 

I skulane vil elevane og dei tilsette bruke tid på å minnast kongen vår og det vil vere rom for at elevane får uttykke kjenslene sine.

Hans Majestet kong Haralds bortgang - Rettleiing til den nasjonale sørgeperioden

Opne kyrkjer i Kinn

I høve med Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang, opnar vi kyrkjene. 

  • Det vert høve for å kveikje ljos. 
  • I nokre kyrkjer vil det kunne vere musikk. 

I fyrste rekkje informerast det om opningstidene for fredag 28. august. Nokre av kyrkjene vil vere opne fleire dagar. 

Florø

  • Florø kyrkje: 14.00 - 18.00
  • Stavang kyrkje: 18.00 - 19.00
  • Nordal kyrkje: 15.00 - 16.00
  • Kinn kyrkje: heile dagen
  • Eikefjord kyrkje: 16.00 - 17.00

Måløy

  • Sør-Vågsøy kyrkje: 16.00 - 18.00
  • Nord-Vågsøy kyrkje: Klokkeslettet kjem snart.

Det vil vere tilsette og eller friviljuge med for å halde kyrkjene opne. 

 Kapella vil eventuelt kunne organisere lokalt, men vi kan koordinere informasjonen om kor tid desse eventuelt vil vere opne. 

Meir informasjon kjem, så snart denne er klar.