Hamnespy spreidd over eit større område i Florø-bassenget

Mellombelse undersøkingar stadfestar spreiing av havnespy i Florøbassenget. Kystverket og Havforskingsinstituttet vurderer at stein frå Mortingbåen kan nyttast til å dekke til ein del av forekomstane. Det er no planlagd ei større kartlegging av hamnespy i slutten av juni i Florø.

Hamnespy i Florøbassenget

Mellombelse undersøkingar med undervassdrone av deponiområde for stein som skal kome frå utdjupinga av Mortingsbåen har stadfesta ei rekke mindre forekomstar av hamnespy i indre deler av hamnebassenget i Florø, frå sjøen nord for sentrum, til Westcon og sør for Fjordbase. Detaljerte undersøkingar av sjøbotnen er difor høgt prioritert. Havforskingsinstituttet vil kome til Florø i siste halvdel av juni for å utføre dette arbeidet.

Tett samarbeid

Kystverket, Florø Hamn, Nordfjord Hamn, Fjordbase, kommunen, Statsforvaltaren og Havforskingsinstituttet er kopla på i arbeidet med kartlegging, deling av informasjon og drøfting av tiltak etter funnet av hamnespy. Det blir no jobba med å førebu informasjon til alle skip som skal til hamnene.

Krevjande

Arten veks raskt og har eit larvestadie som gjer at den kan spreie seg vidare frå dei botnfaste koloniane. Når larven flyt med straumen kan den feste seg til skip som ligg lenger enn 24 timar til kai og dermed spreie arten ytterlegare. Det er og grunn til å frykte at Florø sine mange små fritidsbåtar vil bidra til å spreie hamnespy. Kommunen rår difor til at småbåteigarar sjekkar båtane sine og er nøye med å påføre nytt botnstoff som vanskeleggjer at hamnespy kan etablere seg. Kommunen rår også til at det ikkje vert fiska med teiner i indre deler av hamnebassenget. Konkrete tilrådingar vil kome straks kartlegginga er fullført.

Til no er det berre funne ei rekke mindre førekomstar av hamnespy, men Havforskingsinstituttet er tydelege på at ein må forventa å finne ein eller fleire større koloniar som har etablert seg litt tid tilbake. Det er venta at arten vil spreie seg vidare langs norskekysten.

Stein til nytte

Det er ikkje funne hamnespy ute ved Mortingbåen, og denne kan no få dobbelt nytte. Nokre av førekomstane som er funne ligg på sjøbotnen inne ved Persholmen. Her planlegg Fjordbase å utvide areala sine ved utfylling av stein. Rein stein frå Mortingbåen vil såleis både fungere som dekkmasse over hamnespy og samstundes bidra til ei utviding av næringsarealet på basen. Det vert no jobba med ein plan for å fylle stein slik at ein dannar eit indre basseng ved Persholmen, for deretter å fylle steinen over koloniane med hamnespy inne i basenget. Tiltaket i seg sjølv vil dessverre ikkje ha nokon langvarig verknad på spreiinga av hamnespy då det er funne mange koloniar utanfor deponiområda.

Måløy

Det er ikkje kartlagt sjøbotn i Måløy, men også her vart det funne DNA frå hamnespy i vassprøver frå hamnebassenget. Ei kartlegging her er enno ikkje vurdert.

Informasjonsplakat i småbåthamnene

Kommunen vil med det første henge opp informasjonsplakatar ved slippane i småbåthamnene i Florø og Måløy.

Meir informasjon

Informasjon om hamnespy hos Miljødirektoratet