Gravearbeid i Gate 3 frå 23. april

Kinn kommune skal skifte ut vass- og avløpsleidningar i Gate 3 i Måløy, frå krysset ved Skulevegen i sør og til Nollenbakken i nord. Arbeidet starter tysdag 23. april og vil vare fram til 14. juli.

I denne perioden blir det anleggsarbeid i vegen, og det vil gå mykje anleggstrafikk gjennom området.  Vegen blir gravd opp, og alle røyr skal bytast ut før det blir lagt ny asfalt. Vi ber difor om at du ikkje parkerer i gata medan arbeidet pågår.

Vegarbeid i Gate 3 Måløy frå den 23 april

Allereie første dag, 23. april, skal vegen fresast i heile lengda. Det er då spesielt viktig at det ikkje står bilar parkert i gata.

Mesta AS er entreprenør for prosjektet. 

Lurar du på noko?

Om du treng meir informasjon kring arbeidet kan du kontakte

Kinn kommune sin kontaktperson er:

Vi takkar for tålmodet og samarbeidet medan arbeidet pågår.