Gratulerer til Ludmyla og Ciril med bestått fagprøve!Lytt til tekstenStopp avspillingLudmyla Bieliakova og Ciril Westerwik Myren har nyleg bestått fagprøve som helsefagarbeidarar! Vi gratulerer så mykje til begge to, og vi er heldige som har to nye læreglade og kompetente medarbeidarar hos oss! Ludmyla og Ciril har fullført læreløpet sitt hjå Kulatoppen omsorgssenter, og vil halde fram som faste tilsette der. Gjennom eigen innsats og oppfølging frå fagleg dyktige rettleiarar, har dei stått på og fullført utdanninga som helsefagarbeidarar. Publisert 09.04.2025 09.00 Sist endra 09.04.2025 09.00