Gratulerer med bestått fagbrev som helsefagarbeidar, Natalia!

Vi legg stor vekt på kompetanseheving og har ei sterk satsing på lærlingar og praksiselevar. Ein av dei som no har fullført lærlingløpet sitt er Natalia, ei dyktig og engasjert ung dame som har vore lærling sidan hausten 2022.

Gjennom desse åra har Natalia tileigna seg solid kunnskap og verdifull erfaring, takka vere eigen innsats og oppfølging av fagleg dyktige rettleiarar. Ho er ei dyktig og blid dame som vi ser fram til skal starte i fast stilling som helsefagarbeidar i Måløy heimeteneste.

Mange under utdanning hos oss

Per i dag har vi 31 elevar og lærlingar i ulike løp, som TAF-elevar, vaksenlærlingar, fagbrev på jobb, praksiskandidatar og deltakarar i program som Menn i helse og Gloppenmodellen. Desse finn ein i ulike einingar som miljøtenesta, Kulatoppen og heimetenesta.

Denne satsinga er viktig for framtida, både for kommunen og for dei som ønskjer ei karriere innan helse og omsorg. Ved å legge til rette for god opplæring og tett oppfølging av lærlingar og praksiselevar, bidreg vi til å sikre fagleg sterke og engasjerte medarbeidarar i tenestene våre.

Vi gratulerer Natalia med bestått fagbrev!