Ei travel tid for brannsikkerheit
Desember er månaden der mange fyrar i peisen, tenner lys og kosar seg med juleførebuingar. Samtidig er det ei tid der brannrisikoen aukar, og Malin minner om viktigheita av å sjekke røykvarslarar, sløkkeutstyr og å gjere andre sikkerheitstiltak i heimen. – Det handlar om små grep som kan gjere ein stor forskjell, seier ho.
Ho kjem også med tips om korleis ein kan fyre riktig i peisen. – Bruk tørr ved og sørg for god trekk, så unngår du unødvendig sotdanning og reduserer risikoen for pipebrann. Styr unna sponkubbane du finn i butikkane, dei eignar seg ikkje til fyring i peis og kan vere direkte farlege.
Les meir om korleis du kan fyre riktig på heimesida til Feiermesternes Landsforening.
El-sparkesyklar og julegåver
Mange får elektriske apparat til jul, som el-sparkesyklar, leikar eller verktøy med lithiumbatteri. Malin understrekar kor viktig det er å lade og oppbevare desse produkta på ein trygg stad. – Batteri kan bli skadde, og viss dei tek fyr, brenn dei kraftig. Unngå å lade i gangar eller nær rømmingsvegar, og pass på at det ikkje ligg brennbare ting i nærleiken, rår ho.
Råd for ei trygg julefeiring
Malin oppmodar alle til å vere ekstra påpasselege i julehøgtida. – Hugs å slå av komfyrar, ikkje forlat levande eller elektriske lys og lysestakar, og pass på at elektriske apparat ikkje er i bruk når du søv. Julekos skal vere trygg, og det er mykje kvar og ein kan gjere for å redusere risikoen, seier ho.
Kunnskap tilpassa ulike målgrupper med forskjellige behov
Malin si rolle som brannførebyggar er ein viktig ressurs for oss i kommunen. Ho ser fram til å bidra til at både barn, vaksne og eldre får den informasjonen dei treng for å sikre seg sjølve. – Tryggleik handlar om kunnskap, og eg er glad for å kunne dele mine råd og erfaringar med innbyggarane, seier ho.
Brannbamsen Bjørnis er til dømes eit tiltak retta mot barn, for å sikre at dei har grunnleggande kunnskap om både tryggleik og farar knytt til brann. Gjennom tiltak som Bjørnis får dei yngste inngangsporten til å forstå korleis dei kan vere trygge heime, utan at det blir skummelt. – Det handlar om å gi barn konkrete og enkle råd som dei kan bruke i kvardagen, fortel ho.
No i desember får til dømes 5. klasse ta del i brannvesenets julekalender der dei får relevante oppgåver og ein julekalender som hjelper barna på sporet av å tenke tryggleik.
Når brannførebyggaren kjem på besøk får ein skreddarsydd informasjon om branntryggleik. Det er ikkje berre kontroll av piper og alarmar som går føre seg – men tryggleik og sikkerheitstiltak som gjeld den enkelte. Behova til Per på 76 år, kan vere annleis enn behova til Trine og Jan som har nystifta familie. No som vi ønskjer at eldre skal bu heime så lenge som mogleg, er det viktig at sikkerheita er på plass. Kan til dømes Per bruke slokkingsapparatet på 6 kilo, eller må vi finne eit mindre? Er det installert kjøkkenvakt? Er plassering av utstyret godt og tilgjengeleg? Slike ting kan brannførebyggaren hjelpe med.
Eit gammalt yrke som endrar seg med tida
Tradisjonelt sett har feiarar laga verktøya sine sjølv, men dette har endra seg med den relativt nye opplæringa ein får som brannførebyggar. Dette har mange kommunar også gått bort i frå i det daglege, og bestiller utstyret dei treng frå leverandørar. Men i Kinn lagar brannvesenet framleis sine eigne verktøy tilpassa arbeidet dei skal utføre. Nye lærlingar får denne treninga når dei starter hos oss. Så i Kinn held vi på velprøvde og solide tradisjonar.
Før i tida var feiaren si oppgåve typisk å feie piper, røykkanalar og eldstader. Nyare eldstader har mindre partikkelutslepp, og forbrenner 40 prosent meir effektivt enn dei eldre. Difor sotar det mindre, og det vert mindre behov for feiing. Før kunne det ta 4 år mellom kvar feiing, no går det kanskje 8 år. Dette vil variere etter kor mykje ein fyrer og vert behovsprøvd. Brannførebyggaren tar ei fagleg vurdering på kvart besøk. Arbeidet har difor i nyare tid retta seg meir mot brannførebygging, rettleiing og tilsyn av bustader.
Gratulerer, Malin, og takk for innsatsen du og resten av brannførebyggarane våre allereie gjer for å sikre ei trygg og god julefeiring i kommunen!
Kva er ein brannførebyggar?
Brannførebyggarar er ei yrkesgruppe med lange og stolte tradisjonar, og tittelen feiar er godt over 300 år gammel. Alle feiarane sine oppgåver – anten det er tilsyn og kontroll, feiing av fyringsanlegg eller rettleiings- og informasjonsarbeid – har som føremål å førebygge brann. I takt med samfunnsutviklinga, kor feiing har blitt ei mindre oppgåve av det feiaren faktisk gjer på jobb, vedtok Kunnskapsdepartementet i 2020 ei ny nemning på feiaren – nemleg brannførebyggar.