Gratis leige av kaféen på Florø kulturhus for lag og organisasjonar

Som ei prøveordning kan lag og organisasjonar leige kaféen på Florø kulturhus mellom 8.00 og 22.00 (utanom kl. 11.00 - 12.30). Sjølv om det er kostnadsfritt må ein reservere lokalet. 

Lokalet er delvis møblert med 24 stolar og 6 bord. I tillegg står det eit piano og kortrapper som ein kan nytte. 

Reserver lokalet her

Tilgang utanfor opningstider

For tilgang utanfor opningstider må ein ha lånekort frå Florø folkebibliotek. For å få lånekort må ein kontakte biblioteket og skrive kontrakt.