Gratis hjelpetilbod til personar utsett for seksuelle overgrep

Vi har eit samarbeid med Nok. Sogn og Fjordane, som er eit senter mot seksuelle overgrep. Dette er eit gratis hjelpetilbod for utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Det trengst ikkje tilvising, og det jobbar erfarne fagfolk der. Ta direkte kontakt med senteret om du lurer på noko.

Nok. Sogn og Fjordane er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing til fagpersonar om tema som omhandlar seksuelle overgrep. Du kan diskutere einskildsaker anonymt, få generell informasjon, be om føredrag eller undervisning.

Les meir på Nok. sine heimesider