Gratis føredrag: "Det digitale dopet" - korleis hjernen vert påverka av teknologi

Vil du lære om korleis teknologien i kvardagen vår påverkar hjernen? Då er dette føredraget for deg!

Tid og stad: Onsdag 6. mars, kl. 18.00 - kinosalen, Florø kulturhus.

Vi veit frå store studiar at det er ein samanheng mellom mobilbruk og depresjon, angst og søvnlidingar. Spesielt er dette godt dokumentert hos barn og unge. 

Som ei oppfølging av undersøkinga om skjermbruk og søvn, som nyleg er gjennomført blant elevar og foreldre i Kinn, inviterer Folkehelseprogrammet til gratis føredrag med lege og hjerneforskar Ole Petter Hjelle - «Det digitale dopet». 

Hjelle kan på ein truverdig og engasjerande får fram korleis mobilbruk påverkar hjernane våre, og korleis vi ved hjelp av nokre enkle grep kan redusere avhengigheita av smarttelefonen. Men vi får også tips om korleis vi kan bruke teknologien på best mogleg måte. «Ironien er at dei fleste av oss bruker mest tid på dei plattformene som gjer oss mindre lykkelege», seier Ole Petter Hjelle.

Hjelle har allsidig erfaring som føredragshaldar. Han jobbar som fastlege i Åsgårdstrand, og er i tillegg førstelektor på universitetet i Sørøst-Norge ved Fakultet for helse- og sosialvitenskap, der han forskar og underviser. 

Målgruppe for føredraget: Ungdom, foreldre/føresette, tilsette i skule, barnehage, oppvekst og helse, andre som jobbar tett på barn og ungdom, politikarar, frivillig sektor og andre interesserte.