Furuhaugane omsorgssenter feirar 40 år!

På torsdag markerte Furuhaugane omsorgssenter sitt 40-års jubileum. Omsorgssenteret opna dørene i 1984, og har i fire tiår vore ein trygg institusjon for mange i lokalsamfunnet, og er ein viktig arbeidsplass for dedikerte tilsette.

Gjennom åra har omsorgssenteret utvikla seg frå å vere ein enkel pleieinstitusjon til ein meir moderne institusjon som også husar heimetenesta. Med fokus på å gi bebuarane ein god og verdig alderdom, har Furuhaugane vore viktig for lokalsamfunnet i mange år.

Sjølv om 40 år for eit bygg kan vere ein moden alder, framstår Furuhaugane den dag i dag som eit funksjonelt og godt bygg. Namnet på bygget har også endra seg med tida. Opphavleg Flora sjukeheim, deretter Flora Bu- og servicesenter og til slutt det namnet det har no.

Feiringa av jubileet inkluderte både noverande og tidlegare tilsette, bebuarar, pårørande, og inviterte gjestar. Det vart tale frå kommunalsjef Norunn Stavø, med kaker, underhaldning og besøk frå Florø sanitetsforening for å markere milepælen.

Leiar ved Furuhaugane, Siw Lambrechts, er glad for å ha ein kompetent, omsorgsfull og glad besetning på 132 tilsette og for deira innsats og støtte gjennom åra. Ho ser fram til å bygge vidare på dei gode tradisjonane som er skapt, og til å fortsette å tilby kvalitetsomsorg til dei som treng det mest.

- Vi er stolte av å kunne markere 40 år med omsorg og varme seier Lambrechts. Saman skal vi sørge for at Furuhaugane omsorgssenter held fram med å vere ein trygg og god heim for bebuarane våre fram til vi flyttar inn på Albertatunet om nokre få år.