Frivillige står på - med drahjelp frå kommunen

Gry Seim har teke initiativ til å gjere sentrum i Florø grønare og vakrare, med støtte frå frivillige og kommunen. Målet er å skape liv og aktivitet i sentrum, særleg i Strandgata, gjennom ein oppfrisking av grøntområda. Saman med eit engasjert lag av hageglade frivillige er fokuset torsdag morgon på å gi grøntarealet utanfor servicetorget eit nytt løft.

Ein observasjon som blei til handling

Det heile starta under ei gravferd i kyrkja. Der såg Gry alt ugraset som hadde teke over blomsterbeda rundt kyrkja. Ho spurde folk ho kjende om dei kunne tenke seg å vere med på dugnadsarbeid. Responsen var god, og før ho visste ordet av det var ein engasjert gjeng i full sving med å rydde og gjere kyrkjeparken finare.

Kommunen sitt bidrar også

Med kommunen på laget lettar det arbeidet ein god del. Anders Espeset i parkavdelinga har sørga for naudsynt utstyr som søppelsekkar, og han tek seg av bortkøyring av avfallet. Informasjons og service bidreg også med noko for å halde på energien: nytrakta kaffi og Twist til alle som deltek! Dette samarbeidet mellom frivillige, kommunen og servicetorget viser kor mykje som kan oppnåast når alle bidreg med det dei kan.

Ein by full av hageglade innbyggarar

Gry fortel at det er mange i Florø som har ein lidenskap for hagearbeid. Fleire av desse bur no i leilegheiter og har kanskje ikkje eigen hage lenger, men dei saknar framleis gleda av å stelle med blomar og plantar. Dugnadane gir dei moglegheita til å bruke dei grøne fingrane sine saman med andre.

Sjølv har Gry ein stor hage heime på øya Kinn, men ho reiser jamleg til Florø for å arrangere dugnadsprosjekta. Det er noko spesielt med å arbeide saman mot eit felles mål, og entusiasmen ho møter hos dei andre deltakarane gir henne energi til å halde fram.

Fleire område skal få besøk, og håp om fleire frivillige

Neste steg er å gi grøntområda rundt Florø omsorgssenter eit ansiktsløft. Gry håpar at endå fleire vil bli med i dugnadsarbeidet framover, anten det er privatpersonar eller lokale verksemder som ønskjer å bidra.

Hovudføremålet er å skape flotte uteareal som byr til meir liv og røre i sentrum, og å få opp aktiviteten i sentrum.