Friluftslivet sitt år 2025

Kvart tiande år er friluftlivet sitt år - og er ei nasjonal markering som oppmodar til friluftsaktivitetar året rundt. Det finst nasjonale støtteordningar for å søke tilskot til å arrangere gode tiltak i 2025. Men du må søke i år.

Kva er friluftslivet sitt år?

Friluftslivet sitt år 2025 er ei markering over heile landet for å invitere alle delar av befolkinga til å delta i friluftsliv. Friluftlivet sitt år skapast av friluftsorganisasjonane, og heile breidda av frivilligheita, friluftsråda, sentrale og lokale myndigheiter, skular, næringsliv og einskildpersonar. 

Hovudmålet i 2025 er å skape begeistring for eit naturvennleg friluftsliv, og senke terskelen for å delta. Organisasjonar og lokale lag som tilbyr aktivitetar skal løftast fram, og det skal vere enkelt å finne dei. Du kan lese meir om Friluftlivet sitt år her.

Kven kan søke om tilskot? 

Det er hovudsakleg frivillige organisasjonar som kan søke om tilskot. Miljødirektoratet skriv på si heimeside at

Friluftsrådenes Landsforbund, sentralleddet i Norsk Friluftslivs medlemsorganisasjoner og sentralleddet i andre landsdekkende, frivillige medlemsorganisasjoner som arbeider med å stimulere befolkningen til deltakelse i friluftsliv. 

Søknadsfristen er 5. juni, og du finn elektronisk søknadsskjema på Miljødirektoratet sine sider.

Kva tiltak får tilskot?

Midlar for Miljødirektoratet si tilskotsordning går til større, koordinerte friluftssatsingar der same eller tilsvarande tiltak gjennomførast i store delar av landet, eller aktiviserer større befolkningsgrupper. Spesielt for tiltak som er retta mot dei i samfunnet som deltar lite blir prioritert. 

Du kan lese meir om Miljødirektoratet si tilskotsordning på deira heimeside.

Det finst andre støtteordningar også

Du kan besøke Vestland fylkeskommune si heimeside for fleire støtteordningar. Der er det også eigne vilkår for kvar ulike tilskotsordning. Eller sjekke ut Norskfriluftsliv.no for ei større liste med tilskotsordningar for å fremje aktivitetar i 2025.