Dette er ei sak som har venta lenge på politisk behandling. I haust får politikarane ei vanskeleg, men viktig sak på sitt bord, som får konsekvensar for kommunen si framtidige tenesteyting og bereevne.
Kommunedirektøren gjer framlegg om å legge ned Raudeberg skule frå hausten 2027 og Krokane skule frå 2028. Elevane frå Raudeberg skule får nytt tilbod ved Skram skule. Florø barneskole skal rehabiliterast. Elevane frå Krokane tar då til på Florø barneskole og Torvmyrane skule.
Kvifor legg vi fram sak om skulestruktur?
- Dei siste åra frå 2017 til 2024 er det i barneskulen blitt 72 færre elevar i Måløy og 210 færre elevar i Florø m/ omland, samla sett og på enkelte skular. I 2024 vart vi 70 fleire innbyggarar, men det vart 92 færre barn i barneskulen. Prognosane framover viser ein ytterlegare nedgang i elevtalet.
- Feire av skulebygga har både tekniske utfordringar og avgrensa funksjonalitet for å sikre tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging.
- Oppgraderte skulebygg vil bli avgjerande for å sikre rekruttering av fagkompetanse.
- Kommunen har store økonomiske utfordringar, og ressursbruken i grunnskulen ligg høgare enn i samanlikningskommunar.
På same tid aukar behovet for ressursar innan pleie og omsorg, og vi har også mange investeringar som skal dekkjast slik at vi er avhengige av store innsparingar på alle sektorar.
Kommunedirektøren meiner at ei tilpassing av skulestrukturen er naudsynt for å sikre barns beste, og eit berekraftig og likeverdig opplæringstilbod til alle elevane framover. Endring av skulestruktur er ei framtidsretta tilpassing. Færre skulebygg gjer det mogeleg å rehabilitere dei skuleareala vi sit att med.
Saksframlegg til komande politisk behandling kan du lese her (PDF, 936 kB).
Alternativ til endringar i skulestruktur
Det er kommunedirektøren sin vurdering at det ikkje vil vere til barns beste å oppretthalde alle skulane vi har i dag.
Tverrfaglege fagmiljø, som jobbar i nyare og oppgraderte skulebygg, vil vere heilt avgjerande for å kunne rekruttere nye lærarar. Teknisk og pedagogisk funksjonelle bygg er også nødvendig, for å sikre god tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging.
Alternativet til skulestruktur er at nødvendig innsparing innanfor oppvekstfeltet på grunn av lågare inntekter, må takast som ostehøvelkutt både i sektoren og mest truleg i resten av kommuneorganisasjonen. Samla sett vil vi truleg ikkje klare å dekke lovkrava knytt til tal lærarar pr elev, og elevane sine rettar.
Vi vil heller ikkje ha rom for nødvendige investeringar knytt til både teknisk og pedagogisk funksjonalitet på Florø barneskole, Krokane skule, Raudeberg skule og Skavøypoll skule.
Kommunedirektøren ser at det er vanskeleg å oppfylle kommunelova sitt krav til berekraftig økonomisk planlegging og ønska tilrettelegging for utvikling og t.d. helsehjelp, individuell tilrettelagt undervisning.
Prosess
Kommunestyret vedtok i juni 2021 rammer for arbeidet med Temaplanen for oppvekst. Etter fleire utgreiingar vart det gjort vedtak om å sende grunnlaget for skulestrukturendringar på høyring, med frist 31. august 2025. I 2024 vart det også gjennomført ein tilsvarande prosess. Kommunestyret bad i mai 2025 i tillegg om dialog om alternativ bruk av areala dersom skulen skulle leggast ned. Det er derfor gjennomført eigne moglegheitsstudiar for Raudeberg, Krokane og Torvmyrane skular.
Innspel frå høyringa
Det kom inn 31 innspel til planen. Mange av innspela uttrykker uro for kva ei nedlegging vil bety for lokalsamfunna, særleg med tanke på trivsel, tryggleik og tilflytting.
Samtidig peikar fleire på at nedlegging kan vere naudsynt for å sikre ei berekraftig drift av skulane. Det er også reist spørsmål om trafikk, trygg skuleveg og overgang for elevar med særskilde behov.
Innspela er oppsummerte og vurderte i eit eige notat som du kan lese her (PDF, 690 kB).
Barnet sitt beste
Barnet sitt beste har vore eit gjennomgåande tema i utgreiingane. Endringar i skulestrukturen kan vere krevjande for elevar som må byte skulemiljø.
- Teknisk og pedagogisk funksjonalitet i skulebygga må stette ei opplæring i samsvar med læreplanverket, samt behova for tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging.
- Større skular gir eit breiare fagtilbod, sterkare læringsmiljø og fleire sosiale arenaer.
- For å sikre gode overgangar er det særleg viktig å planlegge tiltak for sårbare grupper
- Legge til rette for trygge skulevegar.
Kommunedirektøren meiner at ei samla vurdering tilseier at elevane sitt beste vert ivareteke dersom endringane blir gjennomførte på ein god og planlagd måte.
Mogleg ny bruk av skulebygga
For skulane på Raudeberg, Krokane og Torvmyrane er det utarbeidd eigne moglegheitsstudiar. Desse viser ulike alternativ for etterbruk; som bustader, næringsverksemd, park, eventuelt også idretts- og kulturføremål.
Kommunen vil følgje opp dette arbeidet i dialog med lokalsamfunna dersom skulane vert lagde ned. I saka legg kommunedirektøren opp til å sette av midlar til planlegging og gjennomføring av tiltak for omgjering av områda utan skule slik at bygga kan få ny bruk.
Politisk vidare handsaming
Saka vert no lagt fram for politisk behandling. Heile saksframlegget, høyringsinnspel og meir dokumentasjon som følgjer saka finn du nedanfor.