I 2021 utarbeidde vi ein eigen plan for natur og klima: Temaplan for klima, berekraft og naturmangfald. I denne planen vedtok vi å føre arealrekneskap for å halde oversikt over den totale arealbruken i kommunen, for å hindre tap av natur og tap av viktige karbonlager.
Arealbruken sin påveknad på klima og natur får meir og meir fokus og det er klare forventingar frå staten når det gjeld kommunen e sin arealbruk. Kinn kommune har i samband med arbeidet med kommuneplanen gjennomført ei grundig vurdering av arealbruk og kartlegging av endringar knytt til jordbruk og skog, for å få betre oversikt over desse endringane si påverknad på klima og naturmangfald.
Kartlegging av karbonrike areal
Fordi Kinn kommune var i gang med å rullere kommuneplanens arealdel (KPA), kvalifiserte vi til å søkje om midlar til å kartlegge karbonrike areal i kommunen. NTNU fekk oppdraget og ved hjelp av eksisterande kartbasar og feltarbeid i skog og myr, laga dei eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid med arealrekneskapet. Karbon i jord kan samanliknast med pengar i banken: Karbonet som allereie er i bakken er tidlegare innskot, det årleg opptaket karbon som naturtypen står for, kans sjåast på som renter: Om ein til bygger ut eit slikt karbonrikt område tek ein ikkje berre ut alle pengane frå banken, ein fjernar også karbonopptak-funksjonen arealet har.
Nokre av fakta frå rapporten NTNU
- I skogområda er det meir karbon i jordsmonnet enn i trea og karbon pr. kvadratmeter varierer frå 12 kg. i hogstflater til 47,5 kg. i eldre skog.
- Jo djupar ned i myra ein kjem, jo tettare ligg karbonet: Torv kan innehalde rundt 60 kg. karbon per kvadrat, men på to meters djup kan mengda karbon ligge mellom 90 og 140 kg. pr. kvadratmeter.
- Kystlynhei er ein gammal kulturlandskapstype. Også denne inneheld karbon: mellom 6 og 20 kg. karbon pr. kvadratmeter.
Til samanlikning inneheld grasplen typisk mellom 0,5 og 2 kg. karbon per kvadratmeter.
Klimaplanen
Temaplan for klima, berekraft og naturmangfald vart vedteken i november 2021. Visjonen for planen er at: “ I 2030 har Kinn kommune stoppa tap av naturmangfald og blitt ein nullutsleppskommune. Alle i kommunen samarbeider for å nå dette målet.”
Eit av delmåla for redusert utslepp gjeld arealbruk: “Kinn skal redusere arealbruken og ha oversikt gjennom arealrekneskap. Vi set grenser for nedbygging og forvaltar areala slik at naturlege karbonlager blir tatt vare på.”
Betydinga av areal og natur
Å ta vare på areal og natur er det viktigaste vi kan gjere for å møte naturkrisa og klimakrisa. Natur bidreg til å dempe klimaendringar ved å regulere lokale vêrhendingar, karbonbanken i bakken forblir urørd og vi hindrar at karbonet i bakken reagerer med oksygen og blir til klimagassar, samtidig som vi ivaretek naturmangfaldet og naturgodene.
Kva er økosystemtenester eller naturgoder?
Vanlegvis kategoriserar ein naturgoder innanfor desse fire ulike tema:
- Forsynande tenester: Mat, vatn, trevirke.
- Regulerande tenester: Reinsar luft og vatn, regulerer klima.
- Kulturelle tenester: Friluftsliv, vakre landskap, kulturarv.
- Støttande tenester: Jorddanning, plantevekst.
Dømer:
- Skog: Tek opp CO2, gjer trevirke, er heimen til ville dyr.
- Myr: Regulerer vatn, lagrar karbon, rik på dyreliv.
- Kystlynghei: Unike planter og dyr, flotte turområder.
Kvifor er dei viktige?
Naturgoder er avgjerande for helse og trivsel og for balanse i miljøet. Dei gjer oss ressursar, reinsar luft og vatn, og gjev rom for rekreasjon og kultur.
Arealendringar er den største trusselen mot naturmangfald på land. Naturkrisa og klimakrisa må løysast samtidig, og det å la mest mogleg natur stå urørt er det viktigaste og billigaste grepet vi kan gjere.
Dersom eit areal må byggast ut, kan det vere aktuelt å restaurere natur av tilsvarande verdi ein annan stad. Dette er ikkje uproblematisk av minst to grunnar: Kva som er tilsvarande verdi er vanskeleg å avgjere fordi vi ikkje har noko system for verdisetting av natur, og ein kan aldri restaurere natur slik at den blir like funksjonell som urørt natur er. Derfor er det viktig å ikkje sjå på restaurering som ein erstatning for å hindre utbygging. Restaurering bør brukast på allereie øydelagde areal eller som ein siste utveg der det ikkje er mogleg å hindre nedbygging.
I Klimautvalet 2050 sin NOU som vart publisert i 2023, vert ønskte politiske føringar framstilt gjennom tiltaksrammeverket "unngå, flytte og forbedre" (UFF), der ein prioriterer å halde seg så langt oppe i rammeverket som mogleg.

Arealrekneskapet
Eit arealrekneskap kan utførast på ulike måtar:
- Ein kan lage oversikt over arealføremåla, slik vi har gjort i vår fyrste versjon.
- Ein kan føre rekneskap på arealtypar definert etter NiN-kartleggingsmetoden til Miljødirektoratet.
- Ein kan lage eit klimarekneskap på arealbruken der ein legg til grunn dei ulike naturtypane sitt gjennomsnittlege karboninnhald eller gjer faktiske kvalitetsmålingar slik som NTNU gjorde i felt.
Kinn kommune sin fyrste versjon er eit viktig steg i riktig retning for å sikre at vi forvaltar areala våre på ein berekraftig måte.
Tidlegare var det ikkje krav om å vurdere arealbruk i den kommunale planlegginga, difor har vi no gjennomført ein etteranalyse for å identifisere kor mykje areal som må reduserast for å oppnå måla våre.
I løpet av denne kartlegginga har vi vurdert endringar i tidlegare kommuneplan og rekna ut kor mykje areal som var avsett til jordbruk og skog (dette er gjort ved hjelp av AR5-databasen). Dette har gitt oss verdifull innsikt og peikepinnar på kva område innanfor arealbruk som bør reduserast for å oppnå ei reduksjon i klimaavtrykket i høve til tidlegare kommuneplan.
Vidare i rapporten har vi analysert og vurdert nye område som er inkludert i denne oppdaterte kommuneplanen. Ved å samanlikne desse områda med tidlegare plan, har vi fått ein betre oversikt over korleis utslepp av klimagassar kan reduserast gjennom arealbruk. Dette gir oss eit viktig grunnlag for å kunne utvikla ein meir berekraftig og klimavennleg kommune gjennom val knytt til arealbruk. Dette er svært positivt for klimaet og bidrar til å redusera vår påverknad på miljøet
Vil du lese meir?