Folkemøte om skulestruktur og områdeplanlegging den 10. juni

Den 10. juni kan du følgje folkemøte om områdeplanlegging og skulestruktur som no ligg ute på høyring fram til 31. august. Vi inviterer deg også til å stille spørsmål i forkant eller under møtet, og vil prøve å svare ut dette på folkemøtet. Vel møtt skal de vere! 

Tid og dato

Tid: Tysdag 10. juni kl. 18.00–20.00.
Stad: Digitalt på Kinn.kommuneTV.no.
Strøyming og liveblogg: Direktesending og liveblogg finn du også på Fjordenes Tidende og Firdaposten
Spørsmål:  Vi samarbeider med Fjordenes Tidende og Firdaposten for å ta i mot spørsmål i forkant og under møtet. Gå til Fjordenes Tidende eller Firdaposten for å sende inn spørsmål.

  • Program

    18.00–18.10 | Velkommen og innleiing

    • Ordførar Bengt Solheim-Olsen ønskjer velkomen (5 min)
    • Leiar av kultur- og oppvekstutvalet Hilmar Eliasson (5 min)
       

    18.10–18.45 | Presentasjon av høyringsgrunnlag og vidare prosess

    Ved kommunedirektøren

    • «Grunnlaget for områdeplanlegging – grunnlaget for skulestruktur»
    • Kva går høyringa ut på, og kvifor?
    • Kva handlar områdeplanlegginga om?
    • Korleis vil medverknadsprosessane bli gjennomført?


    18.45–19.00 | Kort pause
    – Moglegheit for å sende inn spørsmål via SMS / e-post

    19.00-19.50 | Spørsmål og paneldrøfting

    • Spørsmål frå lokalmedia og innbyggarar (innsendte og live via SMS)
    • Panelet diskuterer ev. innkome spørsmål/kommentarar:
      • Ordførar Bengt Solheim-Olsen
      • Kommunedirektøren/administrasjonen
      • Kultur- og oppvekstutvalet v/ leiar Hilmar Eliasson
         

    19.55–20.00 | Avrunding og informasjon om vidare prosess

    • Oppsummering og informasjon om korleis ein kan sende inn høyringsinnspel. 
    • Påminning om fristen: 31. august 2025.