Fokus på digital tryggleik til vass- og avløpsanlegga

Kinn kommune har hatt møte med samarbeidspartnarane Nordfjordnett, Normatic og Guard for å styrke tryggleiken rundt vass- og avløpsanlegga (VA). Temaet er høgt på dagsorden etter både nasjonale råd frå Nasjonal tryggingsmyndigheit (NSM) og nylege digitale angrep mot kritisk infrastruktur i Noreg.

På møtet vart fleire tiltak drøfta og følgjande punkt løfta fram:

  • Sikker adgangskontroll ute på anlegga
  • Beredskapsøvingar der ein simulerer bortfall av internett eller svikt i styringssystema (PLS), med overgang til manuell drift
  • Sikker pålogging for tilsette
  • Felles øvingar og scenario knytt til digital tryggleik, i samarbeid med Guard og Normatic.

I tillegg vart det peika på at ei ny NIS2-forskrift kan gi strengare krav til fysisk sikring, som adgangskontroll og kameraovervaking.

– Alle er einige om at samarbeid og dialog er avgjerande. Vårt felles mål er å sikre stabil drift og trygt vatn til innbyggarane, seier teknisk sjef Frode Ellingsund.