Florø kulturhus: Ein reinspikka kulturarena i framtida?

Oppvekst- og kulturutvalet i Kinn har godkjent prosjektplanen for revitalisering av Florø kulturhus den 9. september. Målet er å gjere kulturhuset til ein moderne, ope og inkluderande møtestad – eit kulturelt hjarte for byen og ein viktig del i utviklinga av Florø sentrum. 

Prosjektet er allereie finansiert 

Kommunestyre har allereie løyvd fire millionar kroner i 2024 for å starte arbeidet. Planen legg opp til ei omfattande oppgradering av bygget, som er nær femti år gamalt. Kulturhuset skal gjerast meir tilgjengeleg, universelt utforma og tilpassa både frivillige lag, profesjonelle aktørar, ungdom, og kulturskulen, som på sikt kan flytte inn. 

Prosjektet blir organisert med styringsgruppe, prosjektleiar og ei breitt samansett prosjektgruppe der kulturskulen, biblioteket, ungdomsråd, frivillige og næringsliv er med. Det skal også hentast inn fagkompetanse som arkitektar og akustikarar. Arbeidet som vert gjort i prosjektet vil utløyse behov for ytterlegare investeringar som ikkje vert dekka av prosjektmidlane. 

Arbeidet går no inn i forprosjektfase med mål om å legge fram konkrete teikningar, kostnadsoverslag og ein finansieringsplan innan utgangen av 2026.  

Prosjektet skal ikkje berre gje Florø eit oppgradert kulturhus, men også styrke byen som ein attraktiv, levande og inkluderande stad å bu og besøke.

Du kan lese meir om prosjektet i saksdokumenta til oppvekst- og kulturutvalet her.