Florø kulturhus bygger ny kiosk

Til hausten kan du kjøpe ferskt popkorn frå popkornmaskin, brus, smågodt og alt anna du kan tenke deg når du skal på kino eller andre arrangement.

Byggearbeidet starta den 10. juni og vil halde fram til sommaren er over. I mellomtida blir det ein del støy i byggeperioden.

Oppmodar om å kjøpe billettar på nett

Kiosken kjem der den gamle billettluka var, og den er no rivd ned. Difor bør du kjøpe billettar til ulike arrangement via Florø kulturhus si heimeside, eller på e-Billett.no der du også kan kjøpe gåvekort.