Florø-dansarar førebur seg til Veivalgdagane i BergenLytt til tekstenStopp avspillingMiljøhuset i Florø er i gang med øvingane til årets dansekamp under Veivalgdagane i Bergen 14.–15. oktober. I fjor tok dei heim pokalen for beste samspel, og no stiller dei med nye krefter og mykje danseglede!Veivalgdagane vert arrangert for andre gong, og er ein del av prosjektet Veivalg, informasjons- og karrieresenter i Vestland fylke. Målet med prosjektet er å gi betre moglegheiter for utdanning, arbeid og aktivitetar for personar med utviklingshemming og utviklingsforstyrringar.Kinn kommune ser på Veivalgdagane som ein viktig møteplass der deltakarar og kommunar kan hente inspirasjon, lære av kvarandre og vere med på å bygge eit meir inkluderande samfunn. Vi ønskjer årets deltakarar lukke til!Les meir om Veivalgdagene på deira heimeside. Publisert 16.09.2025 10.58 Sist endra 16.09.2025 11.03