Fjordkysten og Sunnfjord er no eit sertifisert Bærekraftig reisemål

Tysdag 14. mai fekk kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn, Solund og Sunnfjord høgtideleg overrekt diplom frå Innovasjon Noreg – eit synleg bevis på at vi saman har oppnådd Merket for Bærekraftig reisemål.

Reiselivet i Fjordkysten og Sunnfjord er i utvikling, og vi ønskjer å ta vare på det som gjer reisemålet vårt unikt: naturen, kulturen og menneska som bur her. Difor har Visit Fjordkysten og Sunnfjord sidan 2023 jobba målretta for å oppfylle krava i merkeordninga, i tett samarbeid mellom kommunar, næringsliv og lokalsamfunn.

Merket for Berekraftig reisemål er eit styringsverktøy utvikla av Innovasjon Noreg, og stiller strenge krav til både dokumentasjon, måling og kontinuerleg forbetring. Fjordkysten og Sunnfjord har gjennomført grundige kartleggingar, målt berekraft langs fleire dimensjonar, og svart ut heile 104 indikatorar for å vise at vi tek berekraft på alvor.

Sjølve diplomet er gyldig i tre år – men dette er ikkje ein ende, det er starten. Målet er å halde fram med det langsiktige arbeidet for eit ansvarleg og verdiskapande reiseliv, der både innbyggjarar og gjester skal trivast.

Dei vil takke alle som har bidrege i prosessen – frå lokale aktørar og eldsjeler, til frivillige, næringsliv og tilsette i kommunane. Dette er eit resultat av breitt samarbeid og felles vilje til å ta ansvar for utviklinga av reiselivet vårt.

Diplomet blei overrekt i samband med generalforsamlinga til Visit Fjordkysten og Sunnfjord på Førde Gjestehus og Camping. Det var Ingrid Skaar Døskeland frå Innovasjon Noreg som stod for overrekkinga. Prosjektleiar har vore Rutt-Lovise Strand, med støtte frå prosessveileiar Anne Dorte Carlson.