Fiberutbygging i kommunen held framLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune har inngått avtale med leverandør for å halde fram fiberutbygginga i kommunen. I denne artikkelen kan du sjå prosjekt som er avslutta, og arbeid som går føre seg. Det siste året er prosjekt som Norddalsfjorden og Saltkjelen–Osmundvåg avslutta, og kundane er no på nett. På Allmenningen og Gravdal–Nordoppedalen er mykje arbeid gjort, men her står det att noko arbeid med kablar og landtak. På Tytningevåg, Ramsevika, Gangsøya, Skavøy, Husevåg (Husevåg–Grindøya–Gangsøya–Risøya) har mykje av grunnarbeid blitt utført, men ein ventar på løyver for vidare framdrift. På Brufjordvegen (Stavang aust) er del 1 ferdig, og del 2 starta opp no i sommar. Leverandør har også inngått avtale med kommunen om utbygging i Deknepollen industriområde.Komande fiberutbygging i KinnKomande fiberutbygging i KinnDu kan fortsatt melde interesseInnbyggarar som vil nytte seg av moglegheita, må bidra med eigendel på kr. 8000, og næring må stille med eigendel på kr. 15 000. Beløp vert kravd inn av Kinn kommune. Du kan enkelt søke opp adressa di og bestille direkte via Enivest si heimeside. Publisert 16.09.2025 08.48 Sist endra 16.09.2025 08.48