Feil i skatteoppgjeret for 2021 – ikkje betal kravet om restskatt, feilen blir retta

Grunna ein rapporteringsfeil frå eksterne konsulentar fekk alle lønnsmottakarar frå Kinn kommune eit brev frå Skatteetaten med varsel om endring av skatt for 2021, datert 16.01.2025. Påfølgande veke 22. januar fekk fleire krav om restskatt - dette skal du ikkje betale.

Kva har skjedd?

Feilen oppstod då konsulentar gjorde endringar i våre system for å rette opp i gamle data. Dette resulterte i feil rapportering til Skatteetaten. Feilen er no retta, og Skatteetaten har stadfesta at den opphavlege skattemeldinga for 2021 er korrekt. Du kan difor sjå bort frå varselet om endring av skatt.

Ikkje betal krav om restskatt – feilen vert retta i løpet av nokre dagar

For enkelte har det også blitt sendt ut krav om betaling, datert 22.01.2025. Dette kravet er feil og vil bli korrigert. Du skal ikkje betale kravet og heller ikkje kontakte Skatteetaten.

Dersom du har betalt, vil du få beløpet refundert.

Vi beklagar for uroa feilen har skapt

Vi beklagar på det djupaste den feilen som har skjedd og uroa kring hendinga. Vi arbeider med å rette opp i situasjonen så raskt som mogleg.

Takk for tolmodet og forståinga i denne saka.