Fagleg løft for verneomboda i kommunenLytt til tekstenStopp avspillingI førre veke møttast engasjerte verneombod frå heile kommunen til kurs i Florø og Måløy. Kurset vart halde av Avonova, og er ein del av samarbeidsplanen mellom Kinn kommune og Avonova om godt partssamarbeid og førebyggjande arbeidsmiljøarbeid.Tema for kursdagane 8. og 13. mai var verneombodet si rolle, medverknadsplikt og oppfølging ved sjukefråvær. Tilbakemeldingane frå deltakarane er særs gode – kurshaldar vart omtalt som både dyktig og inspirerande, og kurset bidreg til at ein følar seg tryggare i rolla som verneombod.Målet med kurset er å styrke verneombodsrolla og bidra til eit godt samarbeid mellom leiing og tilsette. Eit trygt og godt arbeidsmiljø er viktig for alle, og verneomboda spelar ei nøkkelrolle i dette arbeidet. Vi takkar alle som deltok for innsatsen, og ser fram til vidare samarbeid for ein trygg og helsefremmande arbeidskvardag i Kinn kommune! Publisert 14.05.2025 13.59 Sist endra 14.05.2025 13.59