Få sommarjobb som ungdomsfiskar!

I sommar kan du som er mellom 15 og 25 år, som er nysgjerrig på fiskaryrket og har lyst på yrkeserfaring, søkje sommarjobb i ungdomsfiskeprosjektet. Søknadsfrist er 1. juni 2024.

Søk sommarjobb som ungdomsfiskar her (PDF, 62 kB)

Kinn kommune leiger inn båtar med skipper som vil rettleie ungdomane som er ombord. Det vil vere ein båt i Florø og ein båt i Måløy. Løna vil vere det du får for sal av fisken du fiskar. Målet med Ungdomsfiske er at fleire ungdomar får prøve seg på sjøen. Vi oppmodar om at alle som er interessert søkjer!

Varigheit

Ei veke for kvar ungdomsfiskar.

Båtar og tidsperiodar  

  • Florø: Båten Sending i veke 27 og 28.
  • Måløy: Båten Lillian i veke 26 (etter sikkerheitsdagen) og veke 27.

Tid og stad for oppmøte blir avtalt med skipper.

24. juni blir det arrangert ein opplæringsdag i Måløy. Der får ein informasjon om opplegget, om sikkerheit, råvarer, innmelding av fangst, moglegheiter i yrket, og ein blir kjend med dei andre ungdomsfiskarane.

I Ungdomsfiske 2024 får du mellom anna

  • fiske med dei reiskapane båten er rigga med
  • få sikkerheitsopplæring på eigen sikkerheitsdag i Måløy 24.06.2024
  • lære om råstoff, lottkalkulasjon og innmelding av fangst og utstyrsspesifikk opplæring

Vi søkjer deg som er

  • arbeidsvillig
  • nysgjerrig
  • omgjengeleg
  • sjølvstendig samtidig som du er lagspelar

For å kunne delta må du

  • fylle 15 år i 2024 eller vere eldre, men ikkje ha fylt 25 år
  • kunne møte opp og ta deg heim frå oppmøtestad i Måløy eller Florø kvar dag
  • følgje dei søknader/dokumentasjon som blir kravd, dersom du får sommarjobb.

Tilbodet gjeld ungdom som bur i Kinn kommune.

Søknadsfrist er 1. juni 2024. Vi ønskjer at du brukar søknadsskjemaet når du søkjer. Merk at søkjarar under 18 år må fylle ut informasjon om føresette. Før også gjerne på kva vekenummer det passar best for deg å fiske.

Søknadskjemaet for ungdomsfiske 2024 (PDF, 62 kB) skal fyllast ut og signerast, og sendast til kristin.maurstad@kinn.kommune.no som pdf eller bildefil.

Vil du vite meir?

Du kan lese meir om ungdomsfiske 2024 i denne artikkelen.