Er du på besøk i Kinn eller omland? Her kan du hjelpe oss gjere reisa di betre

Fjordkysten og Sunnfjord gjennomfører ei gjesteundersøking for å gjere reisa til deg som besøker oss betre. Dine svar bidreg til å gi dei viktig informasjon om opplevinga av reisa, og korleis utvikle gode gjesteopplevingar i Kinn og omland.

Fjordkysten og Sunnfjord skriv følgande på sine heimesider:

"Vi inviterer deg til å vere med på ei viktig reise - ei reise som ikkje berre handlar om å oppleve, men også om å skape. Vi ønskjer å gjere di neste reise endå betre, men vi treng di hjelp.

Dine opplevingar og inntrykk er verdifulle for oss. Ved å dele di tilbakemelding kan du hjelpe oss med å forstå kva som betyr mest for deg, og korleis vi kan utvikle og forbetre reisemålet vårt."

Delta i gjesteundersøkinga her