Elevar på det nye valfaget fekk besøke cruiseskipet MSC Virtuosa

Tysdag denne veka fekk det nye valfaget på 10. trinn “reiseliv”, besøke cruiseskipet MSC Virtuosa. Gruppa som var på besøk bestod av 13 elevar og 2 vaksne frå Vågsøy ungdomsskule.

Dei fekk ein grundig og spennande omvising av hyggelege guider. Elevane fekk sjå korleis det er om bord i eit stort cruiseskip, og fekk mykje god informasjon om korleis livet er på eit stort cruiseskip.

Omvisinga blei avslutta på ein av restaurantane der dei fekk smake på nydeleg kake medan dei fekk nyte utsikta av Måløy og Poljen frå eit heilt anna perspektiv enn dei er vande til. 

På den nyoppretta reiselivslina på Vågsøy ungdomsskule skal dei utforske lokalt og regionalt reiseliv. Særleg med fokus på berekraft og særpreg. Elevane skal få prøve seg som turistvertar gjennom turistinformasjonen i Måløy, utvikle eigne resielivsprodukt, og få god kjennskap til turisme og reiseliv i vårt nærområde. Gjennom eit tett samarbeid med Måløy Adventure, skal dei få mange lærerike og spennande aktivitetar!

Om MSC Virtuosa

Det nye cruiseskipet MSC Virtuosa begynte å seile i mai 2022. Skipet er om lag 331 meter langt, og kan huse inntil 6334 gjestar fordelt på 16 dekk. Det krevst om lag ein besetning på 1700 menneske for å halde det massive cruiseskipet i drift.