Ekstramøte i kommunestyret neste veke, og møte i plan- og miljøutvalet

Måndag har kommunestyret eit ekstramøte for å handsame andre gongs lovlegkontroll av reguleringsplan for Måsholmen og Håskjæra. Tysdag møtast plan- og miljøutvalet for å handsame drøftingssak om grunnlag for avklaring av endeleg plankart m.m., for slutthandsaming av kommuneplanen sin arealdel.

Kommunestyret - digitalt møte, måndag 22. juni

Kommunestyret godkjende reguleringsplanen der 20 stemde for planen og 17 mot, i møte 19. mai 2026. Saka kom opp att etter at Statsforvaltaren i brev av 21. april 2026 sette kommunestyret sitt tidlegare vedtak til sides. I saka legg kommunedirektøren framlegg til vedtak om at Kinn kommunestyre opphevar vedtaket av 19.05.2026. 

I saka peikar kommunedirektøren på at Vågene ikkje har personlege interesser i utfallet av saka. Aksjonæravtalen mellom Florø Hamn KF og den andre aksjonæren i Måsholmen Utviking AS er i saka vurdert til å vere eit interessefellesskap. Ei slik interesse er eit særeige forhold som gjer at Vågene etter administrasjonen si vurdering hallar mot inhabilitet etter fvl §6,2 ledd. 

Vågene deltok på førebuande gruppemøte der Høgre si partigruppe og kommunestyrerepresentantane samla seg om å gå inn for planen. Dette er ein sakshandsamingsfeil, sjølv om inhabilitet blir oppdaga etter møtet. Hennar deltaking kan ha påverka utfallet av saka. Feilen kan ha innverknad på resultatet, jfr. §fvl 41. Planvedtaket har derfor ikkje kome til på rette måten og må handsamast på nytt.

Du kan lese heile saksframlegget i vår møteplan

Direktesending frå kl. 9.00

Møtet vert sendt direkte via kommuneTV frå kl. 9.00, måndag 22. juni. 

Plan- og miljøutvalet - digitalt møte, tysdag 23. juni

Kommunedirektøren legg fram sak til plan- og miljøutvalet for å få avklaring frå utvalet på at sluttføring av kommuneplanen sin arealdel vert basert på skisser til plankart, førebels utkast til føresegner og førebels utkast til merknadshandsaming som er vedlagt saka.

Gå til møteplanen for å lese saksdokumenta

Møtet starter kl. 8.30, og du kan følgje møte ved å bruke denne rettleiinga: