Eit samrøystes kommunestyre vedtok vidare prosjektering av Albertatunet

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak blei samrøystes vedtatt, og alle dei politiske partia gav uttrykk for at dei har tru til prosjektet. Til tross for auka kostnadar er no den rette tida til å sette i gang. Dei gav også ros til administrasjonen for godt arbeid.

Prosjektleiar Elin Sørbotten er særs nøgd med vedtaket, og er allereie i gang med å planlegge og strukturere vidare arbeid.

Ei skisse av Albertatunet omsorgssenter sett frå himmelperspektiv på ein vakker sommardag - Klikk for stort bileteEi skisse av Albertatunet sett frå fugleperspektiv på ein vakker sommardag. Link Arkitektur

Kommunestyret sitt vedtak

  1. Vidare arbeid med Albertatunet inneheld dei elementa som tidlegare er vedteke i prosjektet med 100 institusjonsplassar, ny base for heimetenestene, legevakt, dagaktivitetstilbod, trening/rehabiliteringslokaler og kafè/kantine- allrom. 
  2. Arbeidet med prosjektering av Albertatunet vert gjennomført som det går fram av saka, med mål om at konkurransgrunnlaget lysast ut innan årsskifte.

Du kan lese heile saksframlegget her, eller gå vidare til å sjå vedlegg til saka her.