Ein plan for som ser framover – saman har vi handlekraft på kysten

Kommunestyret vedtok førre veke kommuneplanen sin samfunnsdel (samfunnsplanen). Dette er den overordna planen som viser kva retning kommunen skal utvikle seg i dei komande åra. Planen bygger på visjonen «Saman har vi handlekraft på kysten» – Kinn skal vere ein attraktiv kommune i omstilling, der alle bidreg til utvikling og trivsel.

Les kommuneplanen sin samfunnsdel her

Kva er samfunnsdelen?

Samfunnsdelen er den strategiske delen av kommuneplanen. Den peikar ut retning for samfunnsutviklinga – korleis vi skal møte endringar i befolkning, klima, økonomi og teknologi.

Samfunnsdelen blir følgt av ein arealdel, som seier noko om kor vi kan bygge, bu og drive næring. Kommuneplanen sin arealdel kjem på 2. gongs høyring frå den 30. oktober til 11. januar 2026 – du kan lese meir om den her.

Kinn i endring – med blikk mot 2032 og 2042

Samfunnsplanen viser korleis Kinn skal utvikle seg fram mot 2032 og vidare mot 2042. Målet er at Kinn skal vere ein kommune med vekst, trygge lokalsamfunn og attraktive byar og grender. Byane Florø og Måløy skal vere motorar for utvikling, medan bygdene gir kommunen særpreg, kultur og ressursar.

Kinn skal ha levande og samskapande lokalsamfunn, der innbyggarar, frivillige, næringsliv og kommune samarbeider for å skape gode kvardagar og eit berekraftig samfunn.

For å lukkast med dette og sørge for at arbeidet vårt er forankra i samfunnsplanen og arealplanen, inneheld samfunnsplanen også ein planstrategi som legg føringar for kva behov vi har for andre større areal- og temaplanar i ein 4-års periode. Planbehovet vert vurdert ut i frå satsingsområda i planen, utfordringar og moglegheiter.

Berekraft og omstilling

Samfunnsdelen legg vekt på grøn omstilling og ansvar for naturen. Vi skal redusere utslepp, ta vare på matjord og naturmangfald, og utvikle eit lågutsleppssamfunn. Samtidig skal kommunen møte framtidas behov for helse, velferd og oppvekst med nye og smartare måtar å jobbe på.

Felles verdiar for framtida

Planen byggar på fire verdiar som skal prege samhandlinga mellom kommunen, innbyggarane, næringslivet og andre aktørar:

  • Vi tek ansvar og jobbar saman
  • Vi inkluderer
  • Vi er innovative
  • Vi er trygge

Slik har vi arbeidd fram samfunnsdelen

Utviklinga av kommuneplanen sin samfunnsdel har vore eit ope og inkluderande arbeid. Over femti personar frå kommunen, næringslivet, frivillig sektor og politiske organ har bidrege med kunnskap, erfaring og engasjement.

For å sikre brei deltaking vart det sett saman åtte team – fem som arbeidde med innhaldet i planen, og tre støtteteam som bidrog med kommunikasjon, økonomi og innbyggardialog.

Dei fem fagteama arbeidde med tema som spenner frå berekraftig lokalsamfunnsutvikling og grøn konkurransekraft til omstilling i oppvekst, helse, kultur og miljø.

Undervegs har det vore gjennomført fleire samlingar i Måløy og Florø, der både politikarar, tenesteleiarar og representantar frå team og fagmiljø møttast for å diskutere dei store utfordringane kommunen står overfor dei neste tiåra.

Desse samlingane har vore viktige arenaer for dialog, idéutvikling og felles forståing – og har gitt retning og innhald til den samfunnsdelen som no er vedteken av kommunestyret.