Ein ny veg er på veg – men han manglar namn! No kan du kome med forslagLytt til tekstenStopp avspillingVegen som for tida ikkje finst, treng eit namn. Dette er partiet som har avkøyring i Florøvegen (rv. 5) og vestover mot basen. Har du eit godt forslag? Kanskje eit namn som speglar historia i området, landskapet rundt, eller noko som betyr noko for deg? Hugs at eit vegnamn er viktig og meir enn berre ei adresse - det er noko som blir ståande i lang tid. Difor vil vi høyre frå deg!Namneforslaga skal ha historisk forankring i tråd med god namneskikk, og bør vere grunngjevne. Namneforslag bør ikkje kunne forvekslast med allereie vedtekne namn. Den raude linja som starter og endar med markørane er partiet som ikkje har eit namn i dag.Denne vegstrekka treng eit namn. Kinn kommune Slik sender du inn forslagDu kan sende inn namneforslaget ditt via e-post sander.odelien@kinn.kommune.no.Frist for å sende inn er 11. juli 2025.Gangen vidare etter fristenForslaga skal godkjennast av Språkrådet før handsaming i oppvekst – og kulturutvalet som fattar vedtak i løpet av hausten. Publisert 19.06.2025 14.20 Sist endra 23.06.2025 10.13